Påmelding          Kampoppsett/Liveresultat          Priser          Banekart          Vèret i Hornindal          Foto frå cupen
Gjennomføring av kampane
Eat-Move-Sleep/Grodås Cup blir avvikla på to anlegg. Hornindal Idrettspark (naturgras) og Hornindal Stadion (kunstgras). Begge anlegga blir oppdelte i 5-ar og 7-ar baner med nummerering frå 1 og oppover. Bane nummer 1 ligg nærast Honndalshallen. Sjå banekart her. Antall baner, og banefordeling kan variere frå år til år. 

Det er viktig at lagleiarane møter opp med laget sitt i god tid, slik at vi slepp forseinkingar. I og med at alle baner stort sett er opptatt, er det lite rom for flytting/utsetjing av kampar. Vi har forsøkt å ta omsyn til lag som har lang veg å fare, ved å ikkje setje desse laga opp tidleg på  morningen. Nokre lag kjem på fredag, og desse laga set vi naturleg nok opp med tidleg kampstart. 

Vi har også forsøkt å unngå at lag frå same klubb i same klasse, spelar samtidig. Å gjere alle til lags er dessverre umulig, men vi gjer vårt beste for å tilfredsstille ønskjer frå laga. 

Turneringsdagar:
Lag i klassane 6 til 9 år spelar sine kampar på ein dag (laurdag), men det kan bli nødvendig å også nytte søndag. Sjå kampoppsett når det er klart.  
Lag i klassane 10 til 14 år spelar laurdag og søndag.  

Speletida for kvar kamp er:
Klassane 6 til 9 år: 2 * 13 min
Klassane 10 til 14 år: 2 * 20 min
Kort pause til å byte sider. 
Antall spelarar
Klassane 6 til 9 år - 4+1 (5-ar fotball)
Klassane 10 til 14 år - 6+1 (7-ar fotball) 

Antall kampar:
Vi forsøker å få til minst 4 kampar pr lag i klassane 6 til 9 år og 6 kampar pr lag i klassane 10 til 14 år i løpet av turneringa. Det endelege antall kampar er vanskeleg å fastsetje på førehand, sidan det beror på påmeldinga i kvar enkelt klasse. Klassane med spelarar 12 år eller yngre blir avvikla som serie (utan tabell), medan klassane 13 år og eldre blir avvikla med innleiande seriespel, og deretter cup (utslag). Dette ihht. til NFF's regelverk. I alle klassar med cupspel (13 år og eldre) vil det bli både A- og B-sluttspel.

I enkelte tilfeller kan også klassar 13 og eldre bli avvikla som serie, men då som årsak i få påmelde lag. Dette for å tilfredsstille kravet om antall kampar pr lag.

Heimelaga i kampoppsettet startar med ballen, spelar mot elva og brukar vestar dersom det er naudsynt. Vestar ligg i posar bak måla. 
Viktig kontaktinfo
 For generelle opplysningar om cupen:
 Ring Steinar Bakka på tlf. 90937109


 For overnattingsspørsmål:
 Ring Nils Petter Lillestøl på tlf. 95016464


 Påmelding og kampoppsett:
 Ring Knut Ove Grodås på tlf. 95198434
 


Samarbeidspartnarar