Påmelding          Kampoppsett/Liveresultat          Priser          Banekart          Vèret i Hornindal          Foto frå cupen
Turneringsreglement
På Eat-Move-Sleep/Grodås Cup er det NFF sine spelereglar som gjeld i dei ulike årsklassene. 
I tillegg til desse, har Eat-Move-Sleep/Grodås Cup eigne turnerings-spesifikke reglar. Sjå under.
 
Turnerings-spesifikke reglar:

Rangering etter innleiande seriespel (Klassane 13 til 14 år) 
Rekkjefølgje innan kvar pulje vert avgjort på følgjande måte:
A) Poengtal (3 poeng for siger, 1 poeng for uavgjort og 0 poeng for tap)
B) Målskilnad ( Det vil sei skilnaden mellom scora og innslepte mål)
C) Tal scora mål ( Det lag som har scora flest mål går framom)
D) Resultat av innbyrdes oppgjer
E) Står laga framleis likt vert det avgjort ved myntkast. Dette skal utførast av kampens dommar med lagleiar frå begge lag tilstades.

Avgjersle i cup-spel (Klassane 13 til 14 år) 
Dersom to lag står likt etter ordinær speletid i cup-sluttspelet, skal avgjersle skje ved ekstraomgang 1 x 5 min med sudden death. Dersom det framleis er likt vert det straffekonk med 3 straffar til kvart lag. Står det framleis likt vert det avgjort ved myntkast.

Bruk av overårige:
Følgjande reglar gjeld for Bendit Fotball Cup / Grodås Cup:
I årsklassane 6 til 9 år kan laget ha med 2 overårige spelarar, men berre 1 av desse på bana til ei kvar tid.
I årsklassane 10 til 14 år kan laget ha med 3 overårige spelarar, men berre 1 av desse på bana til ei kvar tid. 
Ein overårige er: Spelar som er 1 år eldre enn den klassen vedkomande skal spele i. 
Dette gjeld kun i reine årsklassar. 
 
I samanslegne årsklassar er det ikkje høve til å nytte overårige spelarar. 
Døme: Ein kan ikkje ha med ein 13-åring på eit lag i klasse 11/12 år.
I spesielle tilfeller kan arrangør innvilge unntak. 
 
Generelt - Overårige/dispensasjonsspelarar
Vi minner om at bruk av overårige/dispensasjonsspelarar er siste utveg for å fylle eit lag. Overårige/dispensasjonsspelarar skal ikkje nyttast for å styrke laget, men for å gje kvar enkelt spelar eit tilbod. 
 
Bruk av spelarar mellom lag:
Gutar/jenter 6 til 12 år  
I desse årsklassene kan klubb som har fleire lag påmelde innanfor same årsklasse nytte to spelarar mellom ulike lag.Det er trenar/lagleiar sitt ansvar å påsjå at belastninga blir fordelt likt blant spelarane.  
Gutar/Jenter 13 til 14 år.
I desse klassene kan klubbar med fleire lag påmelde innanfor same årsklasse nytte ein spelar mellom ulike lag. Det er trenar/lagleiar sitt ansvar å påsjå at belastninga blir fordelt likt blant spelarane. 
 
Spelarliste
I klassane 13 og 14 år skal det ved ankomst innleverast spelarliste. Spelarlister skal leverast for kvart lag, og dei skal innehalde spelarnummer, fødselsdato og namn.
Trenar/lagleiar har ansvar for at spelarliste for sitt lag blir innlevert, og at lista stemmer overeins med spelarar på bana.  
Skjema blir utdelt ved ankomst. 
Viktig kontaktinfo
 For generelle opplysningar om cupen:
 Ring Steinar Bakka på tlf. 90937109


 For overnattingsspørsmål:
 Ring Nils Petter Lillestøl på tlf. 95016464


 Påmelding og kampoppsett:
 Ring Knut Ove Grodås på tlf. 95198434
 


Samarbeidspartnarar