Påmelding          Kampoppsett/Liveresultat          Priser          Banekart          Vèret i Hornindal          Foto frå cupen
Generell informasjon
Informasjonen vil vere på turneringsområet under heile turneringa. Informasjonen vert dermed å finne i hallen med opningstid frå kl. 18.00 – 22.30 fredag og frå kl. 07.30 på første speledagen laurdag. 

Alle lagleiarar møter opp på informasjonskontoret så snart som mogleg etter at laga er komne fram til Hornindal. Her får laga vete kor dei skal overnatte, dei får utdelt effektar og matkupongar (i høve til bestilling. Ikkje alle lag skal ha overnatting eller matkupongar), samt anna informasjon og reglar om fotballturneringa. 

Hugs å ta med kvittering for innbetalt påmeldingsavgift ! Lag som overnattar i campingvogn/bubil, får tilvist plass i Informasjonen. 

Parkering ved skulen, på Ytrehorn (vestsida av elva) og ved Hornindal Kyrkje – sjå skilting!

For å bevare kunststoffdekket på aktivitetsplassen ved skulen og friidrettsbana rundt fotballbana , ber vi om at deltakarane ikkje går på dekket med fotballsko. Så ta med ekstra sko, gjerne joggesko, som de bruker utanom fotballkampane. Likeins gjer vi merksam på at det ikkje er lov å røykje inne på fotballbana.

Den same oppfordringa gjeld når ein skal inn i hallen. Ikkje fotballsko inne!  

 
Viktig kontaktinfo
 For generelle opplysningar om cupen:
 Ring Steinar Bakka på tlf. 90937109


 For overnattingsspørsmål:
 Ring Nils Petter Lillestøl på tlf. 95016464


 Påmelding og kampoppsett:
 Ring Knut Ove Grodås på tlf. 95198434
 


Samarbeidspartnarar